Seterkafe på Renndølsetra

Seterkafeen er pustepausen.

Kaféen opnar laurdag 22. juni og vi held ope kvar dag til 18. august. Opningstid 12:00 - 16:30.

Vårt mest populære tilbod på dagtid er våre nysteikte bakels (vafler) med heimelaga solbærsyltetøy og rømme.

Velkommen!

Foto: Eline Karlsdatter Fladseth

Vi kan varmt anbefale …

  • Yoghurt frå setra, med müsli og solbærsyltetøy

  • Nysteikte kanelsnurrar

  • Heimebakt brød med pølse eller ost

  • Rømmegraut (ikkje alle dagar, ring på førehand)

  • Tallerken med rømme og kavring, ein mektig og god lokal tradisjon

  • Focaccia med brie og salami

Er dykk ei stor gruppe som kjem, kan det vere lurt å ringje 71 69 77 96 på førehand og bestille mat.