Produkt frå setra

Fem kyr er så heldige å få tilbringe sommaren på setra, og blir mjølka i det gamle sommarfjøset.

All mjølk blir foredla i meieriet på setra.

Her lager vi: 

                • Rømme
                • Yoghurt, naturell og med bær. Vi drenerer yoghurten så den skal bli ekstra fyldig
                • Setersmør 
                • Stekeost, halloumi-type
                • Salatost, feta-type
              • Ta gjerne kontakt om du vil ha ei lita omvisning.

 

All mjølka frå kyrne blir brukt på setra.

Den ferske mjølka blir separert rett etter mjølking, og vi får fløte og skummamjølk. Av fløten lagar vi rømme kvar dag. Noko av fløten blir brukt på kjøkkenet, til baking og dessert. Skummamjølka blir også brukt på kjøkkenet, både til frokosten og bakevarer.

Setersmør: Smøret er laga av rømme, som blir kinna til smør.

Yoghurt: Av pasteurisert heilmjølk frå setra. Naturell eller med bær.

Seterrømme: Fløte tilsatt kultur, og syrna til riktig pH. Drenert.

Alle produkta er til salgs i kiosken på setra.

 

Produkta våre er også til salgs på:

  • Joker i Ålvundfjorden.