Velkomen til Renndølsetra

Sommaren 2023 er over, og vi har stengt for i år.

Kvar sommar sidan 1740 har familien Opdøl flytta dyra til setra i Innerdalen, vest i Trollheimen.

Dalen ligg ca. 3 timars kjøring frå Trondheim og Ålesund.

 

Her kan du bo, berre for å slappe av og nyte seterstemninga, eller som utgangspunkt for fjellturar. Innerdalstårnet er målet for dei fleste, men Renndalskammen er vår favoritt!

 

Vi har også ein seterkafe der vi serverer drikke, seterprodukt, vafler og enkel mat om du berre har tid til ein dagstur.

 

Setra ligg i Innerdalen Landskapsvernområde, og du må gå 3,5 km (ca 1 time) for å komme inn til oss.

Følg oss på våre sosiale media