Velkommen til seters!
Dei fantastiske fjella i Innerdalen rammer inn Renndølsetra der den ligg
fint til ved vatnet.
Her kan du kjenne at skuldrene senker seg etter mas og kjas i dagleglivet. Du
veit at tida på setra går berre halvparten så raskt som i
byen?
Enten du vil bo her for å gå turar i fjella eller berre vil oppleva
den spesielle gode stemninga som det er på ei ekte seter vil vi gjere
det vi kan for at du skal trivast best mogleg!
Mat er ein viktig del av turen. Hjå oss får du ekte matopplevingar
basert på lokale retter og lokale råvarer.
Forutan at vi driv ei ekte seter med mange dyr, er Renndølsetra også
ei betjent turisthytte som ligg i løypenettet til DNT, og vi har 25 senger
og full pensjon.
Her er du alltid velkomen, enten på dagsbesøk, eller for å
bo ei eller fleire netter.
Når ikkje anna er nemt, er bilda tekne av Eystein Opdøl.