X

Vil du arbeide på Renndølsetra?

  • Arbeidslaget på setra



Vi søkjer medarbeidarar på Renndølsetra for sommaren 2018. 

 

Vi opnar sesongen 16. juni og held på til skulestart, ca 20. august. 

Etter dette er vi ope på helg ut september.

Du kan søkje for heile eller delar av perioden.  

             

Som ansatt på Renndølsetra skal du skape eit godt miljø for gjestane. 

I sesong er det ansatt 5 - 7 personar. Vaktordningene gjer det mogleg for fjellturar på eige hand. 

Alle søkarar bør vere fylt 18 år og snakke norsk. I søknaden må det kome fram ønska arbeidsperiode.

Arbeidsoppgåvene er alt fra å hjelpe kokken, servere, vaske, oppvask, resepsjonsarbeid og skape trivsel for gjestane.

 

Vi treng også ei budeie/budør som kan hjelpe til med dyra på setra, og vidareforedle mjølka.

Arbeidsoppgåvene er mjølking av 5 kyr, separering, ysting, vasking, vedlikehaldsarbeid på uteområdet, foring av høns og gris, samt skape trivsel for gjestane. 

Denne stillinga vil være delt på ca annakvar dag med arbeid med dyra og i meieriet, og resten sammen med dei andre med arbeidsoppgåver mot gjestane våre.

Det er ikkje nødvendig med fagbrev, men det er ein fordel om du kan vise til tilsvarande arbeidserfaring. Vi legg stor vekt på at man er sjølvgåande og sjølvstendig i arbeidet. Opplæring gis på stedet.

 

Som ansatt på Renndølsetra skal du skape eit godt miljø for gjestane. 

Sier du «check» på disse punktene, er DU ein vi er interessert i:

1. Digger friluftsliv.

2. Elsker å vere sosial og lage god stemning for dei rundt deg.

3. Synes det er null stress å jobbe til alle døgnets tider.

4. Tenkjer det hadde vore steike artig å jobbe på ein plass som gir gjestane ei rein oppleving.

 

Ein spanande jobb i ein vakker dal, med fantastiske gjestar og kollegaer.

 

Søknadsfrist 20. mars 2018, send e-post til post@innerdalen.com. 

 

Har du spørsmål om stillinga, kontakt Eystein Opdøl, tlf: 91 31 32 90 eller post@innerdalen.com 


Kontakt oss

Kontakt oss for bestilling og andre førespurnader:

Renndølsetra: 71 69 77 96 
Eystein: 913 23 199 
Epost: post@innerdalen.com


Bestill overnatting
Kontaktskjema