X

Vinter i Innerdalen

  • Foto: Truls Lie



Innerdalen er også tilgjengeleg vinterstid! Sola glimrar kanskje med sitt fravær nede i dalen midtvinters, men naturen er fortsatt like spektakulær.

Om vinteren kan du bo i annekset der betjeninga bur om sommaren. Huset er isolert slik at det er lett å få det varmt og triveleg sjølv om vinterkulda bit ute.

To soverom, begge med dobbel underkøye og enkel overkøye. Kjøkkenkrok med komfyr, og noko proviant. Vedfyring.

DNT-nøkkel gjer at du kan kome når du vil. (Førstemann til mølla)

Langt færre tek turen inn hit om vinteren enn om sommaren, så her kan man verkeleg nyte ei freda ro.

ÅPEN FRA NOVEMBER TIL APRIL.

DNT-NØKKEL. Om du ikkje har DNT-nøkkel er det berre å ta kontakt på post@innerdalen.com, eller 913 23 199                                                                        

OVERNATTING 350 KR ( 250 KR MEDLEM DNT )               

DAGSBESØK      70 KR ( 50 KR MEDLEM DNT )      

Betaling til Vipps nr 528440, eller skriv "Renndølsetra", eller til bankkontonr 9365.10.50837 

Hytta har Wifi, slik at ein kan logge seg på nettet og betale direkte. (Koden står inne i hytta)       


Kontakt oss

Kontakt oss for bestilling og andre førespurnader:

Renndølsetra: 71 69 77 96 
Eystein: 913 23 199 
Epost: post@innerdalen.com


Bestill overnatting
Kontaktskjema