X
 Search

Vinter i Innerdalen

Created 98 days ago
by SuperUser Account

Categories Aktuelt
Views: 787
Print

Innerdalen er også tilgjengeleg vinterstid! Sola glimrar kanskje med sitt fravær nede i dalen midtvinters, men naturen er fortsatt like spektakulær.

Om vinteren kan du bo i Nybua, annekset der betjeninga bur om sommaren. Dette huset vart bygd i 2000, og er isolert slik at det er lett å få det varmt og triveleg sjølv om vinterkulda bit ute.

To soverom, begge med dobbel underkøye og enkel overkøye. Kjøkkenkrok med komfyr, og noko proviant. Vedfyring.

DNT-nøkkel gjer at du kan kome når du vil. (Førstemann til mølla)

Langt færre tek turen inn hit om vinteren enn om sommaren, så her kan man verkeleg nyte ei freda ro.

ÅPEN FRA NOVEMBER TIL APRIL.

DNT-NØKKEL.                                                                        

OVERNATTING 350 KR ( 250 KR MEDLEM DNT )               

DAGSBESØK      70 KR ( 50 KR MEDLEM DNT )      

Det ligg betalingsgiroer i ei skuff på kjøkkenbenken, eller bruk VIPPS til nr 91 32 31 99.           


Foto: Truls Lie 

Tekst på knapp:
Lenke på knapp:
film-ID fra youtube::

Kontakt oss

Kontakt oss for bestilling og andre førespurnader:

Renndølsetra: 71 69 77 96 
Eystein: 913 23 199 
Epost: post@innerdalen.com


Bestill overnatting
Kontaktskjema