Seterkost: Ekte matopplevingar

God heimelaga mat har alltid vore viktig på Renndølsetra. Ikkje berre fordi den er sunn og god, men og fordi lokal mat gjev turfolk ei betre oppleving. Smaken kjem jo herfrå. Skikkeleg fjellmat skal vere rikeleg, alminneleg, ekte og sjølsagt god!

Fisk
Vi har ofte fisk på menyen. Auren i Innerdalsvatnet har akkurat passe storleik i steikepanna, med god rømmesaus, gulrot og gode Sunndalspoteter. Eller så får du den bakt i omnen, saman med timian og sitron, med rømme og nypotet til.


Foto: Terje Rakke/Nordic Life/
Fjord Norge