Landskapsvern


Innerdalen Presten Engslått Bloddråpesvermer Bergfrue Innerdalstårnet Innerdalsvatnet Skarfjell


Landets første landskapsvernområde 50 år i 2017!


Innerdalen har vore i Opdøl-familien sidan den vart kjøpt i 1740. I snart 300 år var dalen nytta til setring og beiting. I 60-åra byrja den store utbygginga av vasskraft i Norge. Innerdalen med sine bratte fjell og mange elver vart med eitt interessant for kraftproduksjon. Daverande grunneigar Øystein Opdøl valde å takke nei til gode kraftinntekter, og ville unngå utbygging. Han ville ta vare på naturen slik at kommande generasjonar skulle kunne oppleva det spesielle landskapet i Innerdalen. Dette var ei svært uvanleg innstilling frå ein grunneigar, men saman med Norsk Tindeklubb tok han initiativ til å frede sin eigen eiendom.

Dette arbeidet førte til at landets første landskapsvernområde vart oppretta i Innerdalen allereie i 1967, med eit areal på 73 kvadratkilometer.

Formålet med vernet av Innerdalen er å bevare eit vakkert naturlandskap som på grunn av topografi, vassdrag og vegetasjon har betydelig rekreasjons og naturvitenskapelig verdi.

Tankane Øystein Opdøl hadde om miljøvern og bærekraftig bruk av naturen på 60-talet står seg godt den dag i dag.

Sidan dalen er verna er det heller ikkje mogleg å kjøre inn til Renndølsetra, med unntak av driftskjøring til turisthyttene. Med roleg gange tek det berre ein liten time å kome seg til setra. Når ein går brukar ein tid, og får dermed ei større naturoppleving.